Med lange og mørke høstkvelder er behovet for godt lys ekstra stort. Frå 1. Oktober blir det nye reglar for montering av ekstralys.

Med dei lange og mørke vintrane vi har i Norge, er det mange som kunne tenkje seg moglegheita for betre lys på bilane sine. Difor har regjeringa no endra regelverket, slik at det frå måndag blir meir fleksible reglar for montering av ekstralys på bil, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dei nye reglane som opnar for eit fritt tal på ekstra fjernlyslykter på bil vil ta til å gjelde frå 1. oktober. Frå same tid blir det ikkje lenger krav om maksimal lysstyrke eller montering i par for slike ekstra fjernlys. Reglane gjeld for alle bilar, både lette og tunge.

– Vi har dei siste åra fått fleire spørsmål om regelverket på bruk av ekstralys på bil. Særleg gjelder det maksimumskravet til lysstyrke og kravet om at ekstralys måtte være montert parvis. I Norge har vi lange og mørke vintrar. Med bakgrunn i at moderne nærlys gir mykje betre effekt enn tidlegare, blir overgangen frå fjernlys til nærlys ikkje så krevjande for førarens syn. Difor opnar vi no for å tillate meir fjernlys som vil kunne bidra til å gjere både myke trafikantar og dyr meir synlege på mørke vegstrekningar, seier Dale.

Med endringane får vi i Norge i praksis same reglar som i Sverige.